Eg er Reidun Elise Foldøy, og er fødd i oktober i 1971. Eg bur i Bergen, er lukkeleg gift, og stolt mor til to vaksne barn.
I 2007 vann eg Vinduets store novellekonkurranse, med novella Den store dagen. Året etter, i 2008, kom novellesamlinga Ein stad å møtast ut på Aschehoug forlag med dyktige Christian Kjelstrup som redaktør.
Den store dagen har blitt brukt i ulike antologiar for skuleelevar på ungdomstrinnet og videregåande skular. Ho vart også gjeve til eksamen i norsk på studieførebuande program på videregåande skule for elevar med kort butid i 2016. I 2021 vart novella Avskjed frå Ein stad å møtast gjeve som oppgåve til eksamen på studieførebuande. Novella Barnevakt frå Ein stad å møtast vart nytta som inspirasjon til manus for kortfilmen Amasone i 2014, og vann Amandapris for beste kortfilm. Marianne Ulrichsen var manusforfatter og regissør. Produsent var Maria Ekerhovd og Ragna Nordhus Midtgard.
I åra etter debuten har eg arbeidd med ulike manus, både noveller og romanarbeid, som eg aldri kom heilt i mål med hjå dei ulike forlaga eg har vore i kontakt med. Så oppdaga eg Boldbooks som tilbyr kvalitetssikra tenester når ein vil arbeida fram eit manus til bok utan eit etablert forlag i ryggen. Eg kom i kontakt med dyktige folk her, mellom anna frilansredaktør Nina Grove Hansen, som verkeleg løfta det manuset eg då var i gang med, og som no er blitt ferdig bok.
For i november 2021 kom endeleg romanen Vridd ut på det nyoppretta forlaget mitt Ylajali. Romanen er inspirert av eigne erfaringar med å veksa opp med klumpfot.
Eg har utdanninga mi frå Universitetet i Bergen og Norsk Lærerakademi. Eg har hovudfag i pedagogikk med oppgåve innanfor norsk didaktikk: Her undersøkte eg korleis ein kan formidle litteratur i ungdomsskulen slik at den kjennest relevant for den einskilde eleven, og slik at skulen opnar for ulike leseopplevingar. (Er dette riktig opplevd, lærer? 2001)
Eg har gjennom mitt yrkesliv arbeidd som norsklærar på ungdomstrinnet, videregåande skule og i vaksenopplæringa. Eg har arbeidd som spesialpedagog, skulebibliotekar og var i åtte år skrivelærar på skrivelinja ved Åsane folkehøgskule.